Politikk og valg

Politikk og valg
Valg i Norge
Ved stortingsvalet i 1977 var Arbeidarpartiet og Høgre landets største parti, med ei oppslutning på 42,3 og 24,8 prosent. I åra etter har begge partia gradvis mista oppslutning, medan Framstegspartiet har vorte større. Etter stortingsvalet i 2009 var Framstegspartiet det nest største partiet med 22,9 prosent av røystene, men i kommunevala ligg Framstegspartiet framleis noko under Høgre i oppslutning.
Færre nordmenn er medlem av politiske parti. I 1980 var 21 prosent av mennene og 12 prosent av kvinnene medlemmer av politiske parti. I 2004 var tala 9 og 6 prosent.
3 609 300 personar hadde røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007. Ikring 280 000 av desse hadde innvandrarbakgrunn.
Dei politiske partia fekk tre firedelar av inntektene sine frå det offentlege i mellomvalåret 2008 og ein femdel frå partias eiga verksemd. Private stønadsytarar stod for under 4,5 prosent, medan stønad frå ulike organisasjonar utgjorde i overkant av tre prosent av inntektene til partia.
I alt seks nasjonale folkerøystingar har vorte haldne i Noreg. I 1905 sa nordmenn ja til unionsoppløysinga med Sverige og same år ja til Prins Carl (Haakon) som norsk konge. I 1919 røysta folket ja til innføring av brennevinsforbod, men avskaffa det i avrøystinga i 1926. Både i 1972 og i 1994 røysta Noreg nei til EU-medlemskap.
Frå 1970 til 2008 har det i alt vorte haldne 666 lokale folkeavrøystingar i norske kommunar. Talet har gått betydeleg ned dei siste to tiåra. I alt 1 500 000 røysteføre har delteke ein eller fleire gonger i desse avrøystingane.
Arbeidarpartiet fekk flest ordførarar etter kommunestyrevalet i 2007 med 179. På plassen bak følgjer Senterpartiet med 83 og Høgre med 75. 29 av ordførarane tilhørte vallister som ikkje var frå dei etablerte partia.

© 2012 Østfold analyse
Postadresse: Østfold fylkeskommune,  
1720 Sarpsborg
Telefon: +47 69 11 70 00
Utviklet av NetPower